top of page

Prosjektutvikling

Våre opprinnelege planer var å byggja og drifta eit biogass anlegg ved sida av Lauvsnes Gartneri som då hadde 15 dekar drivhus. Dei hadde då behov for 7-8 GWH gass/år. Me kunne veldig lite om biogass, og me var frå starten av klare på at samarbeidspartnar måtte kunne dokumentera og visa til anlegg som brukte tilnærma like råstoff som me hadde. Kunnskapane våre om produksjon av biogass var liten og me var ikkje i stand til å ta nokon form for risiko. Me erfarte fort at det å byggja biogass anlegg for produksjon av 7 GWh/år var umogeleg med dagens stønads ordningar og teknologi.

Gardsanlegg for biogass produksjon er ikkje lønsamt. Bønder må samarbeida om bygdeanlegg som har ein kapasitet på min. 15 - 20 GWh/år. I tillegg til å produsera og selja biogass så hadde me ein stor fordel med å kunne selja Co2 til Lauvsnes Gartneri. Dette vbar naudsynt for å skaffa positiv økonomi i prosjektet. På den tida då me starta var det også naudsynt å få ein høgare pris for biogassen enn prisen for naturgass. Tilskotet frå Enova var i den tida maks 30% av totale kostnader og det var ikkje nok for lønsam drift. Me fekk tilbod om 5,6 mill. kroner i stønad frå Enova, men det måtte me takka nei til og me sette prosjektet på vent. Gartneriet trengte 7 -8 GWH/år og varierande mengde over 10 månader/år.

 


I 2014 bestemte Jan Terje seg for å utvida gartneriet til 30 dekar, samtidig som han skulle investera i lysanlegg, slik at han kunne produsera tomatar heile året. Dette trudde me var ein stor fordel for våre planar.

Nå hadde med kunde som ville kjøpa dobbel så mykje biogass 12 månadar i året. Me endra planane til å produsera 15 GWh. Med ein dobling av drivhus arealet så trudde me at gassbehovet vart dobbelt så stort.
Me lærte også at det er vanskeleg for eit biogass anlegg å tilpassa seg gartneria sitt varierandane behov under vekstsesongen.

Etter utvidinga så var overraskinga stor då gartneriet ikkje hadde behov for meir gass. Lysa produserte så mykje varme at gartneriet ikkje hadde behov for meir gass. Den einaste måten å selje gass med forsvarleg økonomi var nå å prøva og selja gassen til Lyse som har gassleidning inn til gartneriet. Den store fordelen med denne løysinga kontra opprinelege planer var at då kunne alle gartnarane på Ryfylkeøyane få tilgang til fornybar energi. Lyse har kundar som gjer at dei kan selja same volum av gass heile året. Me kontakta då Lyse og inviterte dei til å være med på prosjektet samt å kjøpe gassen. Me har ennå ikkje gjort endelege avtaler med Lyse om dette. Eit meir langsiktig plan kan være å selja gassen til eit firma som planlegg å produsera hydrogen til båtar i Ryfylke bassenget. Teknologien til dette var ikkje på plass då me starta.

bottom of page