top of page

Om Oss

Tidligere Finnøy og Rennesøy  kommuner produserer ca 60 % av landets tomater. Drivhusene varmes ved bruk av naturgass.  Vi skal ved hjelp av nevnte substrater produsere biogass som skal brukes til å varme  gartnerier i nærmiljøet. I tillegg til varmen skal gartneriene bruke CO2’en som vekstfremmende middel.  Det er ikke  gjort tidligere i stor skala ( ordinær gartneri drift). Gartneriet som vi skal levere CO2 til kjøper årlig ren CO2. 

Bakgrunn

Våren 2009 lanserte Landbruksdirektøren i Rogaland målsettinga om at innan 2020 så skulle 60 % av husdyrgjødsla i Rogaland brukast til å produsera biogass. Den nasjonale målsettinga var 30%.

Som eit resultat av dette var der ein gjeng entusiastar som starta med å planleggja å byggja eit biogass anlegg på Finnøy eller Rennesøy eller begge plasser dersom mogeleg. Tidlegare Finnøy og Rennesøy kommunar hadde og har landets største tettleik av husdyr. Samtidig produserer dei meir enn 50 % av landets tomatar. Ideen var å produsera biogass med husdyrgjødsel som råstoff(substrat).

I tillegg er det mykje anna avfallstoff tilgjengeleg i Ryfylkeøyane, spesielt frå fiskeoppdrett næringa. Dei har mykje og aukande avfallsstoff som var aktuelle råstoff til biogass produksjon. I tillegg har gartneria eit stort avfallsprodukt i tomat lauv og tomatplanter som kan nyttast i biogass produksjonen. Planen var å produsera biogass til gartneria i Ryfylkeøyane. Me kan då produsera tomatar ved bruk av fornybar energi. Dette var starten, men det er mange andre avfallsstoff i regionen som er interessante for produksjon av biogass bl.a. avfall frå slakteria av husdyra. Entusiasmen var i starten stor og planer vart straks utarbeid.

I august 2009 vart Bioenergi Finnøy A/S etablert. Det var 26 aksjonærar og inititivtakar Kristian Spanne vart valt som styreleiar. Aksjonærar var Finnøy Kommune, Ryfylke IKS, Rogaland Bondelag, bønder, gartnarar og lokale bedrifter.

Første fase var for styret og leiinga å skaffa seg kunnskapar om produksjon av biogass. Første stoppestad var Åna Kretsfengsel som hadde eit biogass anlegg som brukte husdyr gjødsel og fiskeavfall som substratar. Dei anbefalte oss å reisa til Danmark for der var dei komen langt med produksjon av biogass av husdyrgjødsel. Samtidig er klima der tilnærma vårt. Det rådet lytta me til og kom tidleg i kontakt med Lundsby Biogass. Dei hadde fått anlegget på Åna opp å gå etter lengre tid med produksjons problem.

Me har i dei ti åra som har gått hatt mange oppturar og nedturar. Det positive med denne prosessen er at me har lært mykje om produksjon av biogass. Mange land og seminarer er vitja. I tillegg har me gjort forsøk med ny teknologi for å finna ut om ny teklnologi kunne være noko for oss. Testresultatet var negativt og me valte å satsa vidare på dansk kjent teknologi som kunne visa anlegg i drift med same substratar som me hadde i våre planar.

landskapsbilde.jpg

Kven er vi?

Firma opplysningar:

Bedriftens navn: Bioenergi Finnøy A/S. Stifta i august 2009.

Organisasjonsnummer: 994 553 755

Adresse: Spannevegen 16, 4160 Finnøy

Kontaktperson: Styreleleiar og Dagleg leiar Kristian Spanne

Telefon 91525019 

Epost: Kristian@innovasjonryfylke.no

Styre:

Styreleiar og dagleg leiar : Kristian Spanne.


Nestleiar: Trond Spanne, .


Styremedlemar:

  • Jon Landa ,

  • Jan Terje Vignes

  • Arne Bergøy

  • Kjell Vastveit

  • Reidar Roda

  • Kai Petter Flesjå

  • Tove Sivertsen

Styret har en god og profesjonell samansetting.

 


Styreleiar Kristian Spanne har lang erfaring som dagleg leiar i fleire større bedrifter bl.a. frå IBM, Eikmaskin, Kverneland og Banksjef i SR Bank, Finnøy. Han arbeider i dag som rådgivar via sitt firma Innovasjon Ryfylke A/S. Fokus nyskaping.


Nestleiar Trond Spanne er utdanna frå Norges Landbrukshøgskole i Ås. Han har vore mjølkeprodusent og har hatt mange tillitsverv, blant annet som nesteleiar i Noregs Bondelag og nestleiar i styret i Tine BA.


Jon Landa er grunder av Finnøy Rør som er spesialist på oppvarming av gartneri med naturgass.


Jan Terje Vignes er gartner og eigar av Lauvsnes Gartneri A/S som er kommunens største gartneri med 30 dekar drivhus. Lauvsnes Gartneri er Norges største produsent av sherry tomatar.


Arne Bergøy har i mange år arbeidet i Shell med internasjonale energi og økonomiske problemstillingar som arbeidsfelt.


Kjell Vastveit er grunder av Agromiljø. Firma har i 25 år arbeidet med meir effektiv utnytting av husdyrgjødsla.


Tove Sivertsen, Dagleg leiar av Ryfylke Næringshage A/S. Ho har lang erfaring frå drift av kjøpesenter.


Kai Petter Flesjå er ein aktive person innan landbruk og politikk. Han er styremedlem i fleire landbruks organisasjonar.


Reidar Roda er bonde med fleire produksjonar. Han eig og driv i tillegg Roda Agrimaskin A/S.

Alle i styret har et stort nettverk som hittil har vore til stor nytte i prosjektet.

bottom of page