Biogass på Finnøy,
noko for deg?
De er tilskot for å levera husdyrgjødsel til biogassproduksjon. Nye Stavanger kommune har ambisiøse mål om store reduksjonar i klimagass utslepp. Det er mange positive fordeler for deg som bonde å levera gjødsla til biogass anlegg.
Massen
-
Massen er homogenisert og lettflytande og er dermed enkel å spreia.
-
Den luktar mykje mindre.
-
Den sig raskare og betre ned i jorda.
-
Plantenæringstoffa ( N,P og K) er lettare tilgjengelege for plantene og kan i større grad bli nytta i vekstsesongen.
-
Høgare utnytting av nitrogen ca. 80% mot 40% i vanleg husdyrgjødsel.
-
Bioresten har mindre ugrasfrø.
-
Bioresten har mykje lågare innhald av skadelege bakteriesporar. Det betyr betre mjølkekvalitet og dermed også økonomi. Det er erfaringar som er gjort andre stader i landet.
-
Den kan brukast til overgjødsling av beite i vekstsesongen utan at dyra vrakar graset.
Redusera gjødselkostnadane
Kan redusera behovet for innkjøp av handelsgjødsel og dermed redusera gjødselkostnadane på bruket. Fosfor kjem om kort tid til å bli langt dyrare enn nå.
Redusert risiko
Redusert risiko for skadeleg avrenning både i og etter vekstsesongen
Ferre driftsavbrot
Den går lett i spreiingsutstyr- minder slitasje og ferre driftsavbrot
Bioresten
Bioresten kan bli levert til eksterne gjødsellager nær der den skal brukast
Fosforredusert gjødsel
I biogassanlegget skal det investerast i separator, slik at ein kan levera fosforredusert gjødsel. Det betyr at bruket er betre rusta til å møta nye krav til spreieareal